当前位置:首页 > 歌词大全 > Å Vestland Vestland歌词
  • (Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter)
    Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
    Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
    Det stig i all sin venleik stort og vilt
    Og atter møter meg so mjukt og mildt.
    Og gleda strøymer i meg still og stor
    Med glans av bjørkeli og blåe fjord
    Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
    Den stille skogen og det store hav.
    Min lette båt ein solblank kveld eg ror,
    Sjå fjell og himmel sym på stille fjord
    Og djupe dalen med sitt grøne fang,
    Som skin av lauv og blom frå li og vang.
    Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell
    Lik dagsens timar tøyer seg mot kveld
    Det sveiper seg om tind og tronge dal
    Eit draumeslør av sommarnatti sval
  • (Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter)
    Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
    Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
    Det stig i all sin venleik stort og vilt
    Og atter møter meg so mjukt og mildt.
    Og gleda strøymer i meg still og stor
    Med glans av bjørkeli og blåe fjord
    Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
    Den stille skogen og det store hav.
    Min lette båt ein solblank kveld eg ror,
    Sjå fjell og himmel sym på stille fjord
    Og djupe dalen med sitt grøne fang,
    Som skin av lauv og blom frå li og vang.
    Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell
    Lik dagsens timar tøyer seg mot kveld
    Det sveiper seg om tind og tronge dal
    Eit draumeslør av sommarnatti sval